Hopp til innhold

Korleis kan vi leike oss med sjangeren eventyr? Ved å lage våre eigne, meiner Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad.

Foto: Getty Images/mppriv

Korleis lage eventyr saman med barna?

Å skape forteljingar med barn treng ikkje å vere så komplisert, meiner Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad. Les kronikkforfattaranes tips til korleis du kan ta i bruk sjangertrekka til eventyret for å lage eventyr saman med barna.

Av: Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad, norsklektorar ved DMMH
11.01.2017

Eventyr er for alle, også for dei aller yngste barnehagebarna våre, slik som vi nyleg har skrive om i ein kronikk her på barnehage.no.

I denne kronikken ser vi nærare på det å bruke eventyrsjangeren for å lage forteljingar saman med barna.

Heidi (4 ½ år) har fått ei stor teikneblokk av bestefaren sin til jul. På den første sida står det med store bokstavar “EVENTYRBLOKKA TIL HEIDI”. Heidi legg seg ned på golvet og byrjar å teikne ei prinsesse i blokka si: Ho har ein lang kjole og langt, mørkt hår. Tanta hennar spør om dei skal lage eit eventyr saman og legg seg ned på golvet saman med henne. Heidi ligg på den eine sida av blokka og teiknar og fortel. Tanta ligg på den andre sida og skriv medan ho seier: «Det var ein gong...» og spør: «Kven skal eventyret handle om?» Heidi fortel og eventyrskapinga er i gong. Etterpå går Heidi bort til bordet der resten av familien sit, og mora til Heidi les eventyret høgt for alle andre, medan Heidi sit på fanget og lyttar til si eiga forteljing.

Ein lett sjanger å dikte ut frå

Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad jobbar som norsklektorar ved Dronning Mauds Minne Høgskole.
Privat

Eventyret er ein kjent sjanger og blir mykje brukt i barnehagekvardagen. Barn blir raskt og tidleg kjente med særtrekka til eventyret, og med ein gong vi seier eventyrformelen «Det var ein gong...» veit dei fleste barn at no kjem det eit eventyr. Eventyret er formellitteratur og har mange faste formlar, som til dømes «Det var ein gong» og «Snipp, snapp, snute» som byrjar og avsluttar eit eventyr. Desse formlane er sentrale i eventyra på grunn av det munnlege opphavet til sjangeren, og er eit hjelpemiddel for forteljaren til å hugse forteljinga (Birkeland og Mjør, 2013, s. 37).

Det munnlege opphavet er òg grunnen til at eventyret har ei så tydleg oppbygging, og at det som oftast har berre éin helt, éi utfordring og éin handlingstråd. Dette kan vi sjå spor av i Heidi sitt eventyr, og ho tek i bruk fleire kjente element frå eventyret, blant anna nokre typiske karakterar vi møter i eventyra: Heidi assosierer heilt tydeleg til prinsessa når ho byrjar å teikne. Enkelte karakterar frå eventyrverda er òg kjente for dei fleste barna. Då tenkjer vi i hovudsak på medlemmar frå kongefamilien og utyske som troll, heks og kanskje til og med fanden. Stemorsrolla er dessutan noko for seg sjølv i eventyra, og då som ein av motstandarane.

Eventyret i dag

Eventyret kan lett verte forstått som ein skriftleg sjanger i dag, med dei tallause eventyrsamlingane vi har tilgjengeleg. Likevel har sjangeren fortsatt med seg det munnlege opphavet ved at eventyret blir i dag overlevert munnleg frå generasjon til generasjon – frå vaksne til barn, og her speler barnehagen ei viktig rolle!

Gjennom eventyret får barna erfare forteljingar, ord og karakterar som ligg innanfor det ein kan kalle ein felles kulturkrins, og det skapar fellesreferansar både hos barna seg imellom, men også mellom dei tilsette og barna (Birkeland og Mjør, 2013, s.36). Dette er element som blir framheva i den noverande rammeplanen og i høyringsutkastet til den nye rammeplanen, ved at det står skrive at barnehagen skal bidra til at barn få leike med språk, symbol og tekst og at det blir opna opp for språkleg nysgjerrigheit av både munnleg og skriftleg språk (KD, 2016, s. 12).

Eventyret kan gje ei oppdaging av ord som kanskje ikkje er så kjente i dag, men som høyrest artige ut og som barna kan ta med seg inn i leiken. For kva er ein blei, eigentleg? I dag ville vi kanskje ha kalla ein blei for ein kile i staden for. Men kva er ein vidjespenning då?

Å leike seg med språket saman med barna er viktig, og eventyret kan vere med på å skape ei leikande tilnærming og undring rundt nettopp språk. Ikkje skuv desse orda vekk eller omsett dei. La barna møte rare og uvande ord, men når dei kjenner eventyret godt, ta orda fram og finn ut kva dei tyder. Eller så er det nettopp desse orda ein byrjar med før ein fortel eventyret? Ta med ein kile, og sei at det fins eit anna ord for det i eventyra, og det heiter for ein blei!

Kanskje barna vil høyre heile eventyret?

Korleis kome i gong?

Men korleis kan vi leike oss med sjangeren eventyr? Ved å lage våre eigne.

Heidi kan ikkje skrive, men ho kan teikne og ho kan fortelje – når vi i det vidare ønsker å oppmode til å lage eventyr saman med barn, er det desse to modalitetane eller uttrykksformene vi vil framheve. Du som jobbar i barnehage kan hjelpe barna med ein tredje modalitet, nemleg skrift, slik tanta til Heidi gjer i vårt eksempel i Heidi si eiga eventyrblokk.

For å få i gang ei forteljarstund med barna kan vi gå til sjangeroppbygginga til eventyret. Eventyret har som nemnt ein veldig tydleg struktur på grunn av sitt munnlege opphav, og i tillegg til eventyrformlane fins det nokre prinsipp vi kan ta i bruk for å lage våre eigne eventyr. Ein snakkar ofte om 11 prinsipp, men det vil ikkje seie at du må ta i bruk alle for at det skal bli eit eventyr! Saman med eventyrformelen «Det var ein gong...» og kanskje tre av desse prinsippa, har du eit eventyr. Dei kan vere fine å ta i bruk om du vil lage eit eventyr saman med barna, for dei dannar ei ramme til forteljinga dykkar.

For å få barna til å ta rolla som forteljarar gjeld det å stille dei gode spørsmåla, slik at vi fungerer som stillas for skapinga av forteljinga til barna. Her kan spørsmålsformer som startar med «kven», «kva» og «korleis» opne opp for at barna fortel. Om spørsmåla krinsar rundt tre av desse prinsippa, kjem eventyrforma kjapt fram og vi har fått oss vårt heilt eige eventyr. Prinsippa er sett opp kronologisk, men kan lett bli modifiserte, bytta om på eller hoppa over. Det er til dømes ikkje nødvendig at helten tek imot magiske hjelpemiddel, men berre noko som kjem til hjelp, som til dømes bleien Oskeladden finn på vegen til kongsgarden for å målbinde prinsessa.

Prinsippa er som følgjer:

  • Mangel og/eller misgjerning (helten er fattig eller bryt eit forbod)
  • Oppdrag
  • Reise
  • Kvalifiserande prøve
  • Helten tek imot (magiske) hjelpemiddel
  • Kamp (hovudprøva)
  • Siger
  • Mangel eller misgjerninga blir oppheva
  • Glorifiserande prøve
  • Bryllaup

(Birkeland og Mjør, 2013, s. 38).

Om ein lærer seg nokre av desse prinsippa har ein plutseleg knaggar å hengje forteljinga på, og det kan hjelpe til med å avgrense eventyrforteljinga. Desse prinsippa kan også gjere det lettare for den vaksne å leggje til rette for at barna får sette forteljinga si inn i ei eventyrdrakt.

Heidi fekk spørsmålet om kven eventyret skulle handle om, og tok i bruk det ho kjenner til frå eventyret og fortalde om at eventyret skulle handle om ein prins, ei prinsesse, ein konge, ei dronning og ei vond stemor! Den vonde stemora hadde svart hår og svarte lepper, som kol! Heidi fortalte om at dronninga døydde, og det var derfor prinsessa fekk ei vond stemor. Stemora gjorde slik at prinsessa sov i hundrevis av år, men heldigvis hadde ho avtalt med prinsen at dei skulle møtast, så han kom og nussa ho kjempemykje slik at ho vart levande igjen. Eventyret vart avslutta med at Heidi ropte ut: «Eventyret er ferdig!»

Her tek Heidi i bruk sin tekstkompetanse, som vil seie at ho tek i bruk sin kunnskap om sjangeren til å skape ei forteljing innanfor eventyrramma (Høigård, 2013, s. 176). Språket til Heidi er likevel biletleg og utbroderande, når ho seier at håret og leppene til stemora var svarte som kol. Slike bilde er krevjande for dei yngste barna, men fordi Heidi har hørt tilsvarande språkbilde før, kan ho bruke det i sitt eige eventyr.

Og apropos det, eventyret byrjar kanskje å lyde litt kjent, men det er nettopp det som er så kjekt med eventyrsjangeren. På grunn av at strukturen i dei fleste eventyra er så tydleg og fastsett, er det mange eventyr som liknar kvarandre. Vi kan i mange tilfelle tenkje oss at fleire eventyr er i grunn eitt eventyr i botn, men med mange ulike variasjonar (Propp, 1991, s. 57). Tenk berre på alle versjonane av eventyret om Rødhette som vi kjenner til (Alfheim & Fodstad, 2014, s. 78), men dette er på ingen måte unikt. Den norske utgåva av eventyret om Oskepott er til dømes eventyret om Kari Trestakk.

Hugs på dei barna som ikkje likar bordaktitvitetar

Det er ingen tvil om at det å dikte eventyr høver særs godt når ungane sit rundt eit bord og teiknar, perlar eller syslar med ein eller annen bordaktivitet. Vi veit òg at det gjerne vil vere nokre i barnegruppa som sjeldan blir tiltrekt av eller søkjer mot denne type aktivitetar, og at fleirtalet av desse igjen er gutar (Wagner, 2015). Vi meiner det er vesentleg å vere bevisst nettopp det. Legg deg på golvet saman med dei barna som køyrer tog, og kanskje kjem det fram eit eventyr frå basen på golvet? Kan du lokke dei inn i eventyrverda via togbanen? For kor køyrer toget? Er det vonde troll eller farlege cowboyar som vil ta helten vår? Har helten som sit på toget kanskje eit sikksakkarr i panna? Og kva oppdrag er helten på veg for å fikse? Det er mange moglegheiter for å inkludere eventyrelement i alle former for rolleleik.

Vi skal ikkje ta det for gjeve at alle barna kjenner til eventyrelementa. Fortel derfor eventyr ofte når de er på tur eller når de er ute og leikar. Eventyra har ein heilt spesiell funksjon i utetida, og det har truleg samanheng med at eventyra er så nært bundne til naturen. Det er ikkje usannsynleg at dei fleirspråklege barna har kjennskap til eventyrsjangeren, men det treng ikkje nødvendigvis å gjelde for alle. Dei har mest sannsynleg liten kjennskap til ein del av dei norske kulturuttrykka, samt karakterane frå dei norske folkeeventyra. Ver derfor spesielt bevisst på at desse ungane får høyre nokre av våre mest kjente eventyr, som til dømes dei om Oskeladden. Å ta i bruk eventyr handlar like mykje om å høyre dei som å fortelje dei.

Å gje eventyret eit publikum

Heidi si julegåve sette ho på sporet av å teikne ei prinsesse. Ho får deretter hjelp frå tanta si til å utvikle initiativet sitt. Tanta stiller fleire spørsmål, og slik må det vere i byrjinga før barna er vande til å dikte. Dersom Heidi vart meir van med å skape eventyr, kunne den vaksne støttespelaren i større grad konsentrere seg om å vere ein samtalepartnar og sekretær. I dette tilfellet er det tanta som er pådrivaren, og svara ho får er korte og konsise. Heidi har likevel både språklege og strukturelle trekk i eventyret sitt som vitnar om ein forteljarkompetanse, ved at gjennom forteljinga hennar kjem det fram at Heidi har ei indre førestilling om korleis ei forteljing skal vere (Høigård, 2013, s. 182). I Heidi sin versjon av Tornerose-eventyret, er løysinga på eventyret dessutan fiffig: Prinsessa hadde nemleg ein avtale som gjer at prinsen fann, vekte og redda ho kjapt.

For mange barn er nettopp det å avslutte vanskeleg, og dei går inn i rolleleiken medan dei fortel. Det er heilt greitt. Det er ikkje alle forteljingane dei diktar i barnehagen som må bli skrive ned og formidla vidare. Likevel, av og til er det òg sentralt å ha eit publikum. Dei andre ungane og tilsette i barnehagen er eit stort publikum i seg sjølve. Foreldra er gjerne eit takksamt publikum, og det kan bli utnytta i barnehagen ved å henge opp eventyra i garderoba, eller ved å sende med foreldra ein kopi av teksten heim saman med teikningane til barna. Det kan òg vere nok å fortelje hovudtrekka til eventyret på nytt, saman med barnet når foreldra kjem for å hente i barnehagen.

Å leve lykkeleg

Historia om Heidi si eventyrbok sluttar ikkje her. Dette var byrjinga, den første sida, det første eventyret. Kanskje er barna på di avdeling godt i gang med å skape eventyr, eller dei startar no. Skal tru om Heidi si bok og deira «bok» blir fylde med teikningar frå eventyrverda? Det veit vi ikkje, men prinsessa på Heidi si første side i eventyrblokka frå bestefar, ho bur i blokka med sin prins. Og er dei ikkje rivne i stykke, så lever dei lykkeleg den dag i dag.

Følg barnehage.no på Facebook og Twitter.

Tags:

comments powered by Disqus

På forsiden