DEBATT

«Vårt inntrykk er at den flate strukturen står sterkt. Intensjonen er truleg god, men ikkje konsekvensane» skriv artikkelforfattarane.

Er flat struktur det beste for barna, samfunnet og framtida?

«Er vi i ferd med å spenne bein under fagleg kunnskap og kompetanse i barnehagen?» spør artikkelforfattarane.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Som tilsette i barnehagelærarutdanninga samarbeider vi med barnehagelærarar, barnehageeigarar og kollegaer. Vi blir overraska over «det flate» som møter oss når det gjeld barnehage.

I samarbeid om utvikling av kompetansepakkar til alle barnehagar i ein kommunen, er bestillinga at kompetansepakken skal vere for alle tilsette. Vi møter også ei forventning om at høgskulen sine vidareutdanningar for barnehagelærarar skal kunne tilpassast alle. Også Utdanningsdirektoratet utviklar kompetansepakkar for barnehagebasert kompetanseutvikling tilgjengeleg for alle.

Vi ønskjer å diskutere om «alle med på alt» i den flate barnehagen er det beste for barna, for samfunnet og framtida.

Flat struktur – eit kvepsebol

Tydelegare arbeidsdeling skal vere på veg inn i barnehagen, men vårt inntrykk er at den flate strukturen står sterkt. Intensjonen er truleg god, men ikkje konsekvensane. I mange barnehagar er rådande praksis at arbeidsoppgåver føl vakter uavhengig av kompetanse. Steinnes finn i si doktorgradsavhandling at det er liten forskjell i arbeidsoppgåvene til barnehagelærar og det øvre personalet, og Ekspertgruppa om barnehagelærarrolla peikar på at barnehagelærarar og det øvre personalet vurderer kvarandre som like kompetente til å utføre dei fleste oppgåver.

Vi spør oss om observasjonar av barn som strevar bør fordelast på alle tilsette. Lik fordeling av arbeidsoppgåver utfordrar ikkje berre barnehagelæraren sin autoritet, men også kvaliteten på tilbodet til barna. Ein styrar omtalar arbeidsdelingsdiskusjonen som «eit kvepsebol å stikke hovudet inn i», eit «kvepsebol» vi finn spor av i barnehagar, styringsdokument, hjå eigarar og lærarutdannarar, der omgrep som «personalet» og «vaksne» blir valt framfor «barnehagelærar». Omtalen av «den vaksne» i skulekonteksten er fråverande, og vi ønskjer å avvikle den flate strukturen også i barnehagen.

Flat kultur – misforstått likeverd

Kulturen i den flate barnehagen inkluderer alle, med visjonen «alle er like viktige». Vi spør oss om kompetanse her blir forveksla med menneskeverd. Når barnehagar får tilbod om kurs og kompetanseutvikling, er desse tilboda ofte retta mot alle tilsette. Møter og samhandlingsarenaer i barnehagen som inkluderer alle blir prega av erfaringsutvekslingar og praktisk planlegging. At barnehagelæraren har fagkunnskap handlar ikkje om at dei er meir verdt som menneske, men at dei har eit spesielt ansvar som profesjonsutøvar. Den flate kulturen handlar truleg om misforstått likeverd, men kan hindre barnehagelærarane i bruk av fagkunnskap og fagfellesskap.

Ekspertgruppa om barnehagelærarrolla løftar fram barnehagelæraren som sentral i observasjon og kartlegging av barn, medan andre framsnakkar «alle med på alt» også i denne samanheng. Ein digital diskusjonstråd i «Foreldre og Barn» inneheld utsegn om at alle tilsette bør observere og kartlegge barna, fordi alle veit mykje om barn og fordi observasjonar er å berre notere ned det ein ser. Barnehagelærarar i same diskusjonstråd uttrykker glede over medarbeidarar si gode hjelp i observasjonsarbeidet. Slike utsegn kan handle om manglande kunnskap om observasjonar av barn, men kan også vere eit resultat av misforstått likeverd.

Flat kunnskap – usynleg profesjonskunnskap

I strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage» finn vi at barnehagelæraren er nøkkelen til kvalitet i barnehagen. Den flate strukturen og kulturen kan føre til at barnehagelæraren sin profesjonskunnskap blir usynleg, og stillingsnemningar får forrang for fagkunnskap.

Blir barnehagelæraren som profesjonsutøvar framheva i relevante lokale og nasjonale dokument? Barnehagelæraren er nemnt éin gong i Rammeplan for barnehagar, medan «personalet» er nemnt 51. Dette kan forståast som manglande støtte til barnehagelærarar som profesjonsutøvarar og faggruppe. Vi finn utsegn om at barnehagen skal grunngje sine vurderingar, men kven er «barnehagen»? Undergrev slik språkbruk profesjonskunnskap, eller er ønska barnehagekunnskap allmennkunnskap om barn? Erfaring frå arbeidslivet blir rådande kunnskapsbank, og «vaksne» og «personalet» blir den rette omtalen av tilsette.

Vi spør oss korleis barnehagelærarane kan verne om fagkunnskap og fagfellesskap i alt det flate, og unngå å bli usynlege som profesjonsutøvarar.

Flat kompetanseutvikling – tydeleg ansvar

Barnehagelæraren sitt profesjonelle ansvar er tydeleg framheva i ulike samanhengar. I følgje Rammeplan for barnehagar er barnehagelæraren utdanna spesielt for å ta i vare ansvaret for kvaliteten på det pedagogiske innhaldet og tilbodet til barna. I barnehagen trer barnehagelæraren sitt ansvar tydeleg fram når vanskelege foreldresamtalar skal gjennomførast, ei tydelegheit som ser ut til å vere mangelvare i diskusjonen kring utvikling av kompetanse.

Eit skikkeleg skremmeskot er at både Utdanningsdirektorat, barnehageeigar, barnehagar og høgskule ser ut til å ønskje kompetansepakkar og utdanningar som inkluderer alle, også vidareutdanningar som byggjer på tre års utdanning. Vil vi utdanne til «vaksne» og ikkje til «barnehagelærarar», og korleis verdset ulike instansar høgre utdanning og kompetanse? Institusjonar som forvaltar kunnskap kan ved å inkludere alle i alt spenne bein under barnehagelæraren sin kunnskap og autonomi.

Smeby viser til den svake og utydelege arbeidsdelinga i barnehagen, og framhevar at barnehagelæraryrket neppe vil utvikle seg til ein profesjon om kunnskapsbasen er diffus og arbeidsoppgåvene like. Smeby kan komme til å få rett i dette, om ikkje barnehagelæraren sin fagkunnskap vert meir verdsett.

Ein kompetansedrivande barnehage

I den flate barnehagen blir all aktivitet tilpassa alle, erfaringsutveksling har forrang for teori og faglege grunngjevingar, og vi snakkar om tal vaksne og ikkje om barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. Vi ønskjer å framsnakke ein kompetansedrivande barnehage som evnar å realisere barnehagen sitt samfunnsmandat, ein lærande organisasjon med barnehagelæraren i førarsetet.

I denne barnehagen fungerer barnehagelærarane som autonome profesjonsutøvarar i møte med andre. Fagspråk erstattar kvardagsspråk, fleirstemmige læringsfellesskap erstattar praktiske møter og faglege vurderingar får forrang for lite føremålstenlege krav. I denne barnehagen er det eit uttalt skilje mellom barnehagelærar og det øvre personalet når det gjeld ansvar, oppgåver, kunnskap og kompetanse.

For å realisere den kompetansedrivande barnehagen må alle instansar som forvaltar kunnskap synleg verdsetje barnehagelærarane sin kunnskap, og barnehagelæraren må sjølv ikkje bidra til å spenne bein under sin faglege kunnskap og kompetanse.

Kjelder:

  • Kunnskapsdepartementet (2013). Kompetanse for ­­fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Kunnskapsdepartementet.
  • Kunnskapsdepartementet (2017). Rammeplan for barnehager. Udir.
  • Kunnskapsdepartementet (2018). Barnehagelærerrollen i et profesjonsperspektiv: et kunnskapsgrunnlag. Kunnskapsdepartementet.
  • Smeby, J. C. (2014). Førskolelæreryrket vil neppe utvikle seg til en profesjon. Første Steg, 10(2), 12–19.
  • Steinnes, G.S. (2014). Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentane: Vol. 2014 nr. 2 (p. 200). Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus.
Powered by Labrador CMS