KRONIKK

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll
Tilsette beiser ny lavvo.

Skauen: Erfaringar frå eit turområde

I Bønsmoen Barnehage har vi bygd opp og drifta eige turområde over ein periode på nærare tjue år. Her er nokre av våre erfaringar.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Ein viktig del av den nordiske barnehagetradisjonen er vektlegging av kropp, røyrsle, natur og uteliv. I norske barnehagar blir barn vant til å vera ute kvar dag gjennom året i ulikt vær og temperatur og utetida blir rekna som ein viktig del av det pedagogiske tilbodet. Det er gjerne også eit ønske om å ta barna med ut i naturen. Reint praktisk blir dette løyst på ulike vis.

Om artikkelforfattaren

Kjartan Johnsen er barnehagelærar og lektor i formgiving, kunst og handverk. 

Har arbeidd i Bønsmoen barnehage i Eidsvoll sidan 2012, mykje av tida med ansvar for realfag og praktisk og fagleg ansvar for turområde. 

Bønsmoen barnehage er ein stor kommunal barnehage med aldersdelte grupper.

I Bønsmoen Barnehage har vi bygd opp og drifta eige turområde over ein periode på nærare tjue år. Vi er ikkje ein reindyrka friluftsbarnehage, men har turdagar som ein fast del av barnehageveka for dei eldste aldersgruppene og dei minste barna bruker også området. 

Turområdet til Bønsmoen Barnehage ligg fem hundre meter unna barnehagen og blir av barn og tilsette bare kalla for Skauen. 

Historia til Skauen går tilbake til då barnehagen vart etablert. Det var ønske om å vidareføra den praksisen leiinga og personalet var vant med frå andre barnehager til den nyoppstarta barnehagen som no skulle formast. Tilsette gjorde synfaring i nærområdet, fann ein skjerma plass som såg fin ut og fekk avtale med grunneigar om at barnehagen kunne disponera dette til sin bruk.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll

Kvifor turdagar og eige turområde

I naturen får barn røyndomsnære opplevingar, blir kjend med insekt, dyr og vekster, får følga skiftningane i årstidene på nært hald, får vera med på vaksenstyrte aktivitetar som ikkje kunne blitt gjennomført på same måte andre stader. Dei øver på å bli sjølvstendige og ta ansvar for eigen tursekk og eige utstyr, dei opplever ein arena for leik og utforsking der det er meir plass til lyd og røyrsle. Det er og lettare å halda på leik, der det oppstår mindre konflikt, og er mindre behov for korrigering frå vaksne.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll
Humle sett i forstørrelsesglas.

Ut frå rammefaktorar og organisering i barnehagane finst det fleire fordelar ved ein praksis med turdagar. Når ei gruppe er borte på tur blir det meir plass til dei som er att. Rom blir frigjort som andre grupper kan dra nytta av, det blir lettare å dela i mindre barnegrupper og det blir færre barn på uteområdet i utetida.

Skauen blir også brukt til ulike markeringar og feiringar som foreldrekaffi, avslutning, vinteraktivitetsdag og Samefolkets dag. På vinteren blir det køyrd opp skiløyper og dei siste åra har dei eldste barna vore fulltid i Skauen heile juni månad før dei byrjar på skulen.

Etablering

På turområdet blei det frå starten av sett opp utedo og militærtelt med vedfyring. Det var også behov for ein låsbar bod der utstyr kunne bli oppbevart. 

Ut frå dette enkle utgangspunktet har området utvikla seg. Det har blitt sett opp fleire utedoar, bodar og oppbevaringshyller, benkar og bord, tilrettelagte bålplassar, område for søle- og kjøkkenleik, klatreområde, snekkarområde, natursti, kvileplassar med benkar rundt om i terrenget, rekkverk på sida av akebakken og husker og leikehytter. Med tida har eit militærtelt blitt til tre isolerte, låsbare hytter og ei teltgamme.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll
Eit av barna i barnehagen hjelper til på dugnad og er kledd for anledninga.

Mykje av dette arbeidet har blitt gjort i barnehagetida med og utan barn. Ein kan jo seia at leik også er imitasjon av vaksne sitt arbeid og gjeremål, og å få vera med å gjera ekte arbeidsoppgåver er veldig stas. Barna har vore med å bera plankar, skru med drill saman med vaksne, frakta subbus og mykje meir. 

Det tar gjerne lengre tid å ha barna med på arbeidet. Samstundes slepp ein å måtta «kjøpa fri» ein vaksen frå avdelinga og barna opplever meistring og eigarforhold til det dei får vera med på.

Dugnad

Eit avgjerande tilskot til drifta av området har vore gjennom dugnad. I Bønsmoen Barnehage har vi hatt ei skaugruppe leia av skauansvarleg saman med tre til fire andre tilsette frå dei ulike barnegruppene som bruker området mest. Skaugruppa har hatt møte og planlagt dugnad og medlemmane i gruppa har hatt eit ekstra ansvar for å følga opp området.

Før dugnad må ein skaffa seg oversikt over kva det er behov for å få gjort; laga arbeidsteikningar, handla inn og ha alt av verktøy, materialar og utstyr klart og laga liste over arbeidsoppgåver ein ønsker utført.

Under dugnad har vi avtalt ulike ansvarsområde. Ein har til dømes ansvar for vasking og følger opp foreldra og ser til at alle bygg blir reine og fine, ein annan for maling og beising, ein for tømming av utedo og ein har ei meir heilskapleg oversikt og set foreldre i gang med og følger opp ulike praktiske oppgåver.

Vi har også vore oppteken av å gjera dugnad til ein sosial møteplass. Vi inviterer til å ta med barn og ofte stiller heile familien og har med eldre søsken som har gått i barnehagen tidlegare. Barna kan vera med å hjelpa til med ulike oppgåver. Tilsette som er med på dugnad har eit ansvar for å bidra til ei positiv oppleving for alle foreldre ved t.d. å prata med foreldre som sit for sjølv og ikkje kjenner så mange og foreldre som ikkje snakkar så godt norsk.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll

Utstyr og bygningsmasse

For å kunna drifta eit stort turområde har det vore til god hjelp at barnehagen har skaffa seg ein del eige utstyr. Det har også blitt sett av tid og ressursar i rolege periodar med færre barn for at tilsette skal få driva med praktisk arbeid på området utan barn. Kvar sommar har vi fått til at ein eller fleire vaksne har jobba i Skauen ei veke eller meir.

I tillegg til verktøy har vi i Skauen også ein del utstyr som blir brukt av og med barn. Noko av utstyret er pedagogisk materiell som barn bruker saman med vaksne; ulike typar håvar, spikkeknivar, metalldetektorar, artsbestemmelsesdukar, og forstørrelsesglas.

Kjernen i drifta av turområdet er bygga der ein oppheld seg under måltid og pauseavvikling. Bortsett frå under måltida er barna stort sett ute når vi er i Skauen, men viss nokon er kalde eller vèret er utfordrande er det fint å ha ein plass å gå inn for å lesa bok, teikna eller sitta å prata. Bygga blir også brukt til klesskift, bleieskift og soving.

Dei første åra baserte vi oss på lagstelt frå militærutsal med tilhøyrande vedomn og subbus på gulvet. Etter kvart som telta byrja bli slitt ut ønska vi oss meir permanente, låsbare hytter og gjekk inn i ein årelang oppbyggingsfase. Her møtte vi fleire utfordringar på vegen som vi måtte forhalda oss til og finna løysingar på.

Dei tre nye hyttene vi no har er større enn lagstelta vi nytta tidlegare. Med bare eit tynt plankelag ut mot kulda blei det vanskeleg å få det varmt nok om vinteren. Vi la difor isolasjon i veggane i alle tre bygga og isolerte gulvet i dei to største. Arbeidet blei utført av tilsette som var i Skauen med barnegrupper og av foreldre på dugnad.

Eit avgjerande faktor ved bygga er inngangspartiet. Om vinteren når det snør og temperatur varierer mellom minus- og plussgradar kan det fort legga seg is på bakken som må hakkast bort for å koma inn og få opna døra. Vi kunne unngått denne utfordringa ved fleire av våre bygg viss bygningane hadde vore heva og avrenninga meir gjennomtenkt.

Det fjerde bygget i Skauen per dags dato er ei teltgamme. Her blei det snekra gulv og seinare også ei spesialtilpassa dør med lås.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll

Nærmiljø

Eit turområde med bålplassar, leikeområde og akebakka er noko som fleire gjerne vil nytta på ettermiddagar og i helger. Skauen har ofte besøk av foreldre med barn i barnehagen og andre familiar som nyttar området på fritida og det har blitt arrangert barneselskap på området. Folk må sjølvsagt også få lufta hunden sin, men ikkje alle forstår at dei må plukka opp hundebæsjen etter seg. Etter at det blei sett opp skilt om dette blei vi kvitt problemet.

Diverre får vi også uønska besøk. Det har blitt eit aukande problem med sigarettsneiper, snusposar, tomgods og restar etter narkobruk. Det er ille nok å finna slikt på uteområdet, men endå verre når uvedkomande kjem seg inn i bygga for å driva med den slags. Her er teltet særskild utsett. Før vi fekk sett på låsbar dør var det jamnleg besøk av ungdomar som rusa seg. Når det byrja bli kaldare kveldar var det også fleire forsøk på å fyra opp og få varme ved hjelp av granbar, fleeceteppe o.l. og benkane inne fekk stygge brennmerke. Vi trudde vi skulle bli kvitt problemet ved å montera låsbar dør, men då kom ungdomane seg inn ved å kravla under stormmatta. Etter at stormmatta blei lista fast innvendig har bygget fått stå i fred. Så langt!

Det har vore noko hærverk rundt om på området. Det har blitt saga i hinderløypa, skilt på naturstien har blitt ramponert m.m. Heldigvis har vi ikkje hatt eit stort problem med hærverk og det er som regel lang tid mellom kvar gang det hender noko slikt.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll

Vegen vidare

I ein travel barnehagekvardag er det mange ting ein skal rekka over. Å etablera eit eige turområde krev tid og pengar og eit ønske frå leiinga og personalgruppa. Det hadde ikkje vore mogleg å få til å setta opp slikt område som det vi har utan hjelp utanfrå. Her har foreldre, FAU og særskild alt arbeidet vi har fått utført på dugnad vore avgjernade tilskot.

Den viktigaste opplevinga Bønsmoen Barnehage sit att med er at Skauen har vore ein stor ressurs for barnehagen og noko vi er stolt av, som pregar kvardagen vår og som blir lagt merke til av foreldre og andre. Vi har utvikla ein praksis forankra i fag, progresjonsplan, årshjul og ein lærande praksis der barna har fått vera med å utforska tema og vaksenstyrte aktivitetar gjennom året og ut frå alder og der det har blitt lagt vekt på dei gode vilkåra for leik, meistring og utvikling.

Reint praktisk har oppbygging og drifting av eit turområde med stor bygningsmasse vore ein lærande prosess som ikkje alltid har tatt raskaste og lettaste veg mot ønska mål. Ein har sett behov for endringar og nye løysingar, lagt planar for framdrift og prioriteringar, bygd nytt, tilpassa og justert. Kjennskap til lover og reglar om alt frå bygging av eigne leikeapparat på naturleikeplass til forskrifter for branntryggleik og oppføring av bygg er eksterne kompetanseområde ein har måtta setta seg inn i. I fleire tilfelle har arbeidsoppgåver blitt utført på feil måte og vi har måtta gjera jobben på nytt eller vi har måtta læra oss å leva med løysingar som vi i ettertid har sett at kunne vore betre.

Bønsmoen Barnehage i Eidsvoll
Foreldre får på plass utedo i bratt skråning med traktor transportert tur-retur Drammen-Eidsvoll for jobben.

Eit anna spørsmål handlar om plass og ergonomi. I eit bygg med skråveggar vil det gjerne bare vera eit lite område med ståplass for vaksne i midten medan eit bygg med ståande (kne)veggar vil verka mykje meir romsleg, det vil vera ståhøgd for vaksne på ein større del av grunnflata og det vil vera lettare å bevega seg rundt i bygget og hjelpa barn under måltid o.l.

Viss ein barnehage ønsker seg ein praksis med turdagar og eige turområde er det største spørsmålet ein må ta stilling til kva slags bygg ein vil ha. Her vil ei vurdering av nærområdet også vera lurt å ta stilling til.

God tur!

Powered by Labrador CMS