DEBATT

Kirsten Flaten er dosent ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Trine Jonassen

Barn treng stress – i passe mengder

Vi må slutte å snakke om psykiske helsevanskar, og heller snakke om korleis vi skal legge til rette for god psykisk helse.  Kjensler som stress og uro er av det gode, for dei hjelper oss til eit rikare kjensleliv.

Publisert

Adrian gler seg til fredag ettermiddag. Då har han heile helga fri og treng ikkje stå opp tidlig for å gå i barnehagen. Han kan leike med bilar heile formiddagen og ikkje sitte i samling og grue seg for å måtte seie namnet sitt. Når familien et saman, er det lett å velje pålegg - ikkje som når han skal ete i barnehagen, og kvir seg på til å seie kva slags pålegg han vil ha.

Live gler seg til fredag ettermiddag. Då er det skulefri heile helga, og ho treng ikkje stå opp tidlig for å gå på skulen. Ho gruer seg til skulevegen og kjenner seg åleine når ho kjem inn i skulegarden. I klasserommet prøver ho å skjøne alle oppgåvene, for ho vil ikkje rekkje opp handa og be om hjelp. Og enda verre er det om læraren ser ho treng hjelp, og set seg ned ved sida av pulten hennar. I friminutta kan ho sette seg på dissene. Då har ho ein stad å være.

Ikkje ein mørk løyndom

Live og Adrian kan kanskje lære å takle vanskane sine sjølv – og kanskje ikkje. Vaksne må sjå kva dei strevar med, og setje ord på det for dei. Dei engstelege barna må oppleve at frykt og uro er vanlege ting – ikkje at det er ein mørk løyndom dei må bere aleine. Då er sjansen for å komme velberga igjennom barndommen mykje høgare.

Fysisk helse er eit omgrep godt planta i ordforrådet til den norske befolkning. Det å ete fem om dagen og røre seg minst tretti minutt kvar dag har vore på dagsordenen over tid, og har eit fokus mot å styrke fysisk helse. Psykisk helse er eit tema som no vert sett på dagsordenen, men her vert det fort psykiske helsevanskar som får all merksemda.

Vi bør minne oss sjølv på at rundt 80 prosent  av befolkninga har god nok psykisk helse. Og så bør vi sjå på kva vi kan gjere for å skape gode miljø som støttar utvikling av god psykisk helse.  Målet må være å hindre plager i så stor grad som mogeleg. Det meste av psykiske helseplager skal handterast i ein vanleg kvardag saman med familie, venner, i skole, barnehage og fritidsaktivitetar.

Den største helseutfordringa, på sikt

WHO meiner at i 2030 er utfordringar knytt til  psykisk helse den aller største helseutfordringa i det globale samfunnet vi alle er del av. Satsing på å utvikle god psykisk helse ser ut til å være naudsynt, særleg då stadig fleire ungdommar rapporterer at dei har psykiske vanskar.  Kartleggingar av born så unge som fire år viser det same. Her er særleg angst og depresjon nemnt som utfordringar vi som samfunn må lære oss å førebygge.

Samstundes er det å kjenne på stress og angst også ein heilt naturleg og naudsynt del av kjenslemessig utvikling. Kjensler skal vi ha på godt og vondt - det er del av å vere menneske. Vi må ikkje gå i den grøfta at vi trur alt stress og ubehag er negativt og bør behandlast vekk. Litt angst er naudsynt for å utvikle god empati og for å forstå kjenslene til andre menneske.  Men kjensler skal ikkje vere til hinder for god livsutfalding.

Å møte menneske som kjekt fortel at det ikkje er noko å være redd er ikkje å anerkjenne, det er å bagatellisere andre sine kjensler.

Å ta Live og Adrian ut av dei sosiale samanhengane dei er redde for, ville til dømes vere å gjere dei ein stor bjørneteneste. Dei treng å bli utsette for det dei fryktar, så dei kan lære seg å takle det. Men det føreset at dei får utfordringar som er akkurat passe, og gjerne litt støtte til å tore å prøve å utfordre seg sjølv.

Kjensler knytt til skam

Psykiske helsevanskar som angstlidingar gjev store samfunnsutfordringar, og er årsaka til at mange vert uføretrygda i ung alder. Emosjonelle vanskar, og da hovudsakleg angst, er den største utfordringa i barnegruppa.  Nokre barn veks av seg angstplagene, men for like mange barn vil angstplager følge dei inn i vaksenlivet. Det er belastande og vondt for barn og unge som opplever angstplager. Foreldre og lærarar oppdagar i liten grad når born slit med for mykje bekymring.

Dette er kjensler som barn og unge gøymer, og dei fortel ikkje om stress og ubehag. Mange skammar seg over å oppleve stress og ubehag i ein vanleg kvardag, og trur dei er heilt åleine om slike kjensler. Nokre barn vert sinte ved utfordring, og prøver å kjefte eller slå seg ut av utfordringa.  Det kan òg være behov for å utvikle eiga forståing og få eit språk for å få omgivnadane til å innsjå kva som er vanskeleg. Kanskje dette er noko av forklaringa på at rapportert angst aukar proporsjonalt med alder?  Vaksne som slit med angstlidingar fortel ofte at dei har slitt med dette sidan dei var born. Eller er det slik at vi gjerne bagatelliserer den angsten som andre fortel om? Når nokon gir uttrykk for å grue seg for noko er det lett å avfeie med at slikt treng ein ikkje grue seg for.

Kva dei vaksne kan gjere

Born treng og å verte møtte med anerkjenning når dei fortel om ubehag. Å møte menneske som kjekt fortel at det ikkje er noko å være redd er ikkje å anerkjenne, det er å bagatellisere andre sine kjensler. Det betyr ikkje at borna skal få lov å unngå alt som utløyser stress og ubehag. Det betyr at borna treng støtte frå foreldre og pedagogar, søsken og venner, til å meistre det som dei gruer seg til. Og over tid få redusert det ubehaget som engstelse påfører den som slit med det.

Styrk born til å klare vonde kjensler - det er ein god resept for å klare seg i livet. Så kva kan vi gjere for å hjelpe Live og Adrian? Det treng ikkje å vere vanskeleg – ei heller ta mykje tid eller pengar. Lærarar og foreldre må få opplæring i å få auge på barna som har utfordringar i det å mestre sosiale situasjonar.  Ein vaksen som barnet har ein god relasjon til, og som tar seg tid til å støtte barnet til å møte sosiale utfordringar, er den beste støtta eit barn kan få. 

Powered by Labrador CMS