DEBATT

Barn er hele tiden i en rivende utvikling og det er viktig med kompetente voksne rundt som ser hva barnet trenger for å utvikle seg videre.

Hjartesukk frå mammaen til ein skulelei femåring

Det viktigste den fem år gamle jenta lærde på skulen, var at ho ikkje var god nok.

Publisert Sist oppdatert

Dette er eit hjartesukk om ei jente som var fem år og åtte månader då ho starta i første klasse. Presset var stort frå dag ein, med lese-, matte- og engelsklekse. Det var tårer frå første leksedag og ein kontaktlærar som var bekymra for at jenta ikkje kunne lese til jul, og som ville setje inn tiltak til påske om ho ikkje var blitt betre.

Det var ei lita jente på fem år som gret sine modige tårer fordi hun følte på presset og som såg at dei andre meistra ting ho ikkje var moden for. Ei lita jente som blei sint heime, kjefta og slo fordi ho, før fylte seks år, fekk kjenne på følelsen av å ikkje nå opp. Ikkje vere god nok.

Ei jente som akkurat hadde fylt seks år, som såg klassevenninnene på sju som kunne lese og skrive så fint. Ei jente på seks år som til påske ikkje kunne lese godt nok, men som no også skulle lære å skrive små og store bokstaver pluss skjønnskrift.

Med ein lærar som påpeikte til mammaen at dottera ikkje var der ho skulle vere fagleg. Og ei mamma som fekk nok. Som sa at dottera var akkurat der hun skulle vere og at ingen tiltak skulle iverksetjast. Det var ein lærar som var bekymra for ikkje å nå skulen sine mål, men ei mamma som ikkje brydde seg om desse måla. Ei mamma som heller ville ha tilbake den glade, flinke jenta si.

Det var ei mamma som fekk karakterutskrift ved årets slutt! Ei mamma som heldt på å eksplodere då ho las at jenta hadde nådd skulen sine mål i arkitektur! Ei mamma som kjenner at noko må gjerast med skulen, for jenta som ynskjer at ho kunne bruke leikerommet oftare.

Dette er eit hjartesukk om ei lita jente som ein gong gledde seg til å starte på skulen, men som no har nedteljing til 10. klasse når hun aldri, aldri meir skal gå på den teite skulen og sitje i ro og få vondt i magen fordi alt er vanskeleg.

Hva tenker du om dagens førsteklasse og førskole? Har du erfaringer du vil dele med andre, så si din mening i kommentarfeltet under eller send oss en tekst til red@barnehage.no.

Følg barnehage.no på Facebook og Twitter.

Dette er Reform 97/Seksårsreformen:

  • Grunnskolereform innført av regjeringen Brundtland III skoleåret 1997–1998.
  • Innebar blant annet skolestart for seksåringer, tiårig skolegang og et nytt læreplanverk.
  • Den nye læreplanen la vekt på at førsteklasse skulle ha et klart førskolepreg og at barnehagepedagogikken skulle følge barna til og med fjerde trinn.
  • Formålet med seksåringsreformen var å gi elevene bedre og meir kunnskap enn de hadde fått
  • i den niårige skolen med skolestart som sjuåringer.
  • Internasjonale undersøkelser som PISA, PIRLS og TIMSS viser imidlertid ikke noen tydelig forbedring i norske elevers lese- og realfagskompetanse etter innføringen av tiårig skole, og kort etter reformen stupte resultatene i norsk skole.
  • Som en konsekvens endret daværende statsråd Kristin Clemet (H) formuleringen i læreplanen for når leseopplæringen skulle begynne. Den skulle deretter begynne i første klasse. Hun la også sterkere restriksjoner på barnehagelærernes mulighet til å jobbe i skolen. Leseopplæringen skulle tre i kraft i 2006, men startet i praksis i skolene i 2003.
Powered by Labrador CMS