DEBATT
«Eg trur nemleg det er viktig at barn får møte begge kjønn i ein institusjonalisert kvardag som ein del av eiga identitetsskaping,» skriv Elin Førde.
Getty Images/Privat
Menn og mjuke verdiar
«For å få fleire menn inn i barnehagen er det nødvendig å kutte ut praksisar og framstillingar om at omsorg og «mjuke verdiar» er noko ein berre finn hjå det kvinnelege kjønn,» skriv barnehagelærar og masterstudent, Elin Førde.
Eg har alltid vore oppteken av at barn på lik linje med kvinner skal ha rett til å møte mannleg tilsette i barnehagen. Etter mange år som barnehagestyrar kan eg seie at eg opplevde det å ha menn representert i personalgruppa som eit løft både for barn og arbeidsklima.
Var det opp til meg ville eg truleg fått det manifestert og nedteikna i FN Barnekonvensjon, omtrent slik: «Alle barn i barnehage har rett til å møte både barnehagelærarar av begge kjønn.» Eg trur nemleg det er viktig at barn får møte begge kjønn i ein institusjonalisert kvardag som ein del av eiga identitetsskaping. Til meir eg tenke på det til meir fortona dette med «mjuke verdiar» og menn seg som ein dikotomi.
Denne kronikken ble først publisert i Første Steg.
Omsorg som dominant diskurs
Nina Rossholt (2015) viser oss gjennom artikkelen "Å tenke med Deleuze og Guattari; Hva kan en posthuman kropp bli og gjøre i barnehagen?" korleis vi i rein modernistisk tradisjon knyter kropp eksempelvis til kjønn, etnisitet og alder og korleis vi avgrensar og definerer mennesket i den kroppen, slik at det passar inn i det mønsteret eller den båsen vi ynskjer å ha det/dei.
Barnehageyrket har sidan sin spede barndom hatt ein kvinneleg dominans. Å legge til rette for gode omsorgssituasjonar er ein viktig del av ein barnehagelærar sitt mandat. «Mjuke verdiar» peikar her tilbake på omsorg nært knytt opp til ei oppgåve som gjennom historia har blitt sett på som ei rein kvinneoppgåve, i form av at det er kvinna som skal ta seg av barn.
At omsorg er noko ein tenkjer at kvinner gjerne har mest kunnskapar om, og endå til gjerne er best skikka til, er eit kjent mønster vi lett finn att i ulike diskursar rundt kvinneyrke i samfunnsdebatten. Den franske filosofen Michel Foucault (1926-1984), underbygger i stor grad uttalen til Deleuze og Guattari når han ifølgje Jackson og Mazzei (2012) definerer kunnskap/knowledge som "an activity that produces subjects and the ways in which they interact within and against their social and material worlds".
Den kollektive kroppen
Rossholt skildrar det same fenomenet når ho nyttar termen den kollektive kroppen (Rossholt i Otterstad og Reinertsen 2015, s.220). Ovanfor kan vi sjå fleire døme på korleis vi saman skaper ein kollektiv kropp ved å hevde at visse eigenskapar er det same som kvinner og barnehagen som samfunnsinstitusjon, med det utgangspunkt at alle kvinner har det same kjønn.
Når eg skriv det slik, vert eg overvelda over kor diskriminerande slike, kan ein kalle det flosklar, kan bli i daglegtale. Eg tenkjer, korleis vil ein mannleg barnehagelærar reagere om ein gjennom eit arrangement som t.d. Kvinnedagen eller Barnehagedagen hevdar at «mjuke verdiar» er eit særtrekk ved kvinner, at det ikkje er noko ein mann då, ifølgje Foucault, har kunnskap om eller evnar å utføre? Ved å hevde dette seier ein at ein mann ikkje kan vise omsorg. Kva plass gjev vi då til mannen i dette yrket?
Kjønna framstillingar
Går vi til Judith Butler (Jackson A. Y. & Mazzei, L. A. 2012, s. 67) forklarar ho oss gjennom sin teori om kjønna framstillingar kva som skjer når vi skaper desse kollektive kroppane som får oss til å definere kor vidt folk er innanfor eller utanfor, like, ulike eller avvikande. Butler seier nemleg at for at kjønna framstillingar skal oppstå, så må der ligge ein viss repetisjon eller gjentakande handling i botnen. I vårt tilfelle vert framstillinga «mjuke verdiar» knytt til alle individ med kjønnet kvinne. Ser vi tilbake på historia er det, som vi var inne på innleiingsvis, lett å få auga på kvifor det er slik. Kvinner si oppgåve gjennom historia har primært vore å ta hand om barn. Dette skaper igjen ein likskap som har vore repetert i generasjonar, og denne repetisjonen har på ny reprodusert seg inn i barnehagen som samfunnsinstitusjon.
Urovekkande tal
Når det kjem til rekruttering av menn i barnehage og skule så viser statistikken urovekkande tal, og ein har gått så langt som å hevde at barn som veks opp i dag manglar mannlege førebilete. Dette i seg sjølv, seier oss at vi må ta nokre grep, der vi som her, og som Rossholt tek til orde for i sin artikkel, vert nøydde til å destabilisere eller revitalisere sentrale omgrep som parkerer ulike kjønn i ulike båsar (Rossholt i Otterstad og Reinertsen 2015, s.215).
Deleuze (2005) viser oss at dette er mogeleg ved å bruke kroppen som døme i sin deleuzianske analyse som løyser opp "gapet mellom subjekt og objekt, materialitet og representasjon og spørsmål om årsak-virkning relatert til kroppen i den sosiale verden." (Ibid, s.217). Kanskje er dette eit av mange moglege verktøy ein kan bruke for å endre omgrep som representerer kjønna framstillingar og kollektive kroppar som er med på å avgrense og redusere vår forståing av omverda. For å styrke rekrutteringa av menn inn i yrket ser vi her kor nødvendig det er å komme vekk frå praksisar og reproduksjonar der vi tileignar kollektive kroppar kjønna framstillingar som innehar diskriminerande eigenskapar, som igjen og igjen reproduserer framstillingar om at omsorg og «mjuke verdiar» er noko ein berre finn hjå det kvinnelege kjønn.
Litteraturliste:
Jackson, A. Y. og Mazzei, L.A. (2012) Thinking with theory in qualitative research. Viewing data across multiple perspectives. New York: Routledge.
Rossholt, N. (2015). En posthuman kropp; en endeløs kollektiv dans sammen med Deleuze og Guattari. I Otterstad, A. M og Reinertsen A. B. Metodefest og Øyeblikksrealisme. (214-226). Bergen: Fagbokforlaget.