DEBATT

«Me som har valgt å arbeide med barn har eit stort ansvar. Me treng ta vare på begeistringa deira, me treng ta vare på motet deira, og iveren deira etter å ta plass», skriv artikkelforfattaren.

Å bli inspirert av ein toåring sin begeistring og evne til å vera her og nå!

Artikkelforfattaren oppfordrar alle til å finne toåringen i seg sjølv.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Dei to siste dagane har toåringane her i barnehagen fått meg til å reflektera ekstra mykje over det å vera i nået, og det å ta den plassen i livet som eg ynskjer for meg sjølv og alle andre.

Eg har undra meg over spørsmål som: Når mista me denne begeistringa for dei små enkle ting? Og når mista me motet til å sei «sjå på meg»?

Dei små, enkle ting

Det er lunsj i barnehagen, fem toåringar sit rundt bordet og snakkar med ei av dei vaksne på gruppa om det dei ser ut vindauga. Greinene på trea rører seg i vinden. For akkurat her og akkurat nå er det det som skjer. Så kjem koppar og ei mugge med vatn inn på bordet. Den eine toåringen startar og dei andre føl tett på med å rope eit begeistrande: WOOOW! Dei sit ved bordet og ventar på eit godt måltid med blomkål- og brokkolisuppe.

Så kjem skeiene, og begeistringa er akkurat like stor: WOOOOW, WOW, WOW!

Tenk på det, å kunne kjenne på ei begeistring av sju skeier lagt på eit bord! Kanskje fordi det kom eit nytt element på bordet, kanskje fordi maten nå er nærmare enn nokon gong? Kanskje det er heilt andre grunnar som berre ein toåring som er heilt til stades i nået vil kunna forstå?

Og så kjem skålene med suppa og focaccia-brødet inn. Eg ser ikkje denne gruppa med toåringar for eg står nå på kjøkenet med mi eiga suppeskål som eg vil ta med meg inn på kontoret og arbeidet som ventar der. Men først ventar eg spent på lyden som i dag har rørt meg på ein slik måte som berre eit barn klarar – eg ventar på det begeistrande wow-et.

Og der kom det! WOOOOW!! Det fellesskapet desse fem har, ved å dela den same begeistringa for det som skjer rundt bordet, den har eg lyst å finna i mitt vaksne liv, i min kvardag. I dei små og enkle ting.

Eg går inn på kontoret mitt og fortset mitt arbeid der. Her handlar det om vurderingar, planar, tilrettelegging, økonomi, smittevern, m.m. Veldig mykje fortid og nåtid. Viktige oppgåver og fokus, sjølvsagt. Likevel kjenner eg på ein uro rundt det at nået forsvinn meir og meir i alle krav og forventningar som føl med det å vera vaksen.

Krav og forventningar

Sjå på meg ‘Ise’, seier ei lita på to år. Annelise ser – igjen og igjen. Akkurat som ein tolmodig og trygg vaksen skal gjera; sjå når barna treng å bli sett. Jenta går opp på ein liten benk og hoppar ned på golvet. Etter å ha gjort det same om att og om att, oppdagar ho to gutar som leikar på ei madrass. Der vil ho også. Midt mellom desse to gutane legg ho seg ned. Eg opplever å sjå eit stort smil på alle tre.

Ho tar den plassen ho ville ha, med ein iver og ein glede som eg opplever som heilt ekte!

Tilbake til dei spørsmåla eg undra meg over. Kor mista me som vaksne denne begeistringa for dei enkle ting? I fare for å stigmatisere ei gruppe som eg her har valgt å kalla «vaksne», ynskjer eg å understreke at det er nok store forskjellar på kor lett me vaksne let oss begeistra for små og store ting, og ha evna til å vera i nået. Likevel vågar eg meg utpå og sei at me alle kan bli inspirert av ein toåring, og hente fram barnet i oss sjølv. For me har jo alle vore to år.

Eg trur at denne begeistringa og evna til å vera i nået har forsvunne i saman med krav og forventningar. Normer og verdiar til vaksne menneske har ført til ei modellering av barn som ikkje nødvendigvis alltid har vore like bra. Barn har tilpassa seg dei følelsane som dei vaksne har funne akseptable. Eit skulesystem der målingar og vurderingar i mange tilfelle har overskygga barnets faktiske ressursar. Slik er det fortsatt. Vaksne modellerer barn. I alderen 0-6 år er barna lettast å modellere. Difor er det utruleg viktig at me modellerer på ein svært varsam og respektfull måte.

Finne toåringen i oss sjølv

Me som har valgt å arbeide med barn har eit stort ansvar. Me treng ta vare på begeistringa deira, me treng ta vare på motet deira, og iveren deira etter å ta plass. Me treng støtte og rettleie dei, gi dei rom for at alle følelsar er lov.

Me treng vise dei respekt for de grensene dei vel å sette i møte med andre, og ikkje bestemme at alle treng leike med alle. Me treng heie på dei barna som set desse grensene, og me treng sjå og hjelpe dei barna som treng sette grenser for seg sjølv, og som treng hjelp til å finne sin plass i ei gruppe. Barn fortjener ubetinga kjærleik og ei tru på at dei kan få til det dei vil.

Og korleis gjere me det? Det er å møte våre eigne kjensler med raushet og respekt, gi oss sjølv varme og omsorg er heilt essensielt for å kunne møte andre med varme og omsorg på ein god måte.

Eg har også tru på at ei god oppskrift er å finne toåringen i oss sjølv. Stoppe opp og sjå korleis greinene rører seg i vinden, la oss bli begeistra over kaffien i koppen og at eg fekk på meg genseren rett vei i dag også! Gi oss sjølv rom for her og nå ei stund, før me igjen tar fatt på vurderingar, planar og gjeremål som er viktig for å halde eit godt norsk samfunn i sving.

La oss bli begeistra på våre eigne og andre sine vegne. La oss dele ut fleire WOW! La oss sjå og la oss bli sett.

Tenk å kunne vore fem kollegaer rundt eitt bord med den same begeistringa og gleda som dei fem toåringane delte i dag? Wow... seier eg berre!

God påske!

Powered by Labrador CMS