DEBATT

Hausten 2023 reiste ti barnehagefolk frå Ålesund til Akureyri på Island for å lære noko om både likskapar og ulikskapar mellom dei nordiske landegrensene.

Likskap og ulikskap i dei nordiske barnehagane

Visste du at islandske barnehagelærarar har ti timar plantid pr veke…? Eller at Finland har barnehagar som er open 24/7…?

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Barnehagetradisjonen i Norden har mykje til felles, men der er også mykje som er ulikt. Hausten 2023 reiste ti barnehagefolk frå Ålesund til Akureyri på Island for å lære noko om både likskapar og ulikskapar mellom dei nordiske landegrensene.

Målet for turen var vennskapsby-konferansen «Ein barnehage for alle» i regi av NORSAMBY. Dette er eit nordisk samarbeid for barnehagar der vennskapsbyane Akureyri (Island), Lahtis (Finland), Randers (Danmark), Västerås (Sverige) og Ålesund (Norge) er med. Samarbeidet starta i Randers i 2001, og er unikt i barnehagesamanheng. Kvart år sidan oppstart har det blitt arrangert barnehagekonferansar på omgang mellom byane. Det nordiske samarbeidet har som mål å utvikle og styrke den nordiske barnehagetradisjonen, ved å fokusere på pedagogiske satsingsområde i dei ulike landa. Det er også eit mål at deltakarane får dele erfaring, kunnskap og kompetanse med kvarandre. Slik kan ein bygge og vidareutvikle den sterke barnehagetradisjon i Norden. (norsamby.com). Den nordiske barnehagemodellen er internasjonalt anerkjent for si heilheitlege tilnærming til barn si utvikling.

Konferansen i regi av Norsamby Y tilbyr ulike forelesningar, og på Island heldt Svava Björk Mörk hovudforelesninga med tittelen: «Quality of learning – Learning environment for all children». Vi besøkte også barnehagar under opphaldet, i tillegg deltok vi på Workshop av og med barnehagepersonale frå dei nordiske landa.

Dette er ein tekst som bygger på nokre av dei erfaringane og opplevingane vi gjorde oss på studieturen til Akureyri. Det er også gjort ei uformell innsamling av nokre «barnehagefakta» frå styregruppa i Norsamby. Innhaldet i teksten kan ikkje generaliserast til «sannheiter», men den er meir ei samansetning av ulike erfaringar og informasjonsutvekslingar. Når dei ulike barnehagane blir omtala, blir det for enkelheitsskuld referert til landet, og ikkje til dei einskilde byane eller barnehagane.

Barnehagen på Island

Barnehagen på Island blir rekna som det første skuletrinnet, institusjonen kallar dei for «Play-School» og lærarane omtalast som «Play-Teachers». Det har vore vanleg at borna startar i barnehagen frå dei er 18 månadar eller eldre. Det kan vere vanskeleg å finne barnehageplass, så bruken av «Dagmammaer» eller «Dagforeldre» er vanleg. 

Barnehageåret 2023- 2024 starta barnehagane i Akureyri med å gi tilbod også til eittåringar. Dette var ei stor omvelting, men inkludering av dei yngste har gått betre enn mange frykta. Nokre vi møtte uttrykte likevel stor motstand og var kritiske til at foreldre valte å plassere så små barn i barnehagen. Ein av styrarane vi snakka med, meinte at foreldre burde vise at dei kunne ta meir ansvar når dei først hadde fått eigne barn, og at eittåringane slik sett ikkje høyrde heime i barnehagen.

Vi fekk inntrykk av at personalet har ein noko meir «atferdsregulert» tilnærming til borna enn det vi kjenner frå norske barnehagar. Alle barnehagane bruker til dømes eit eige system «to keep discipline». Disiplin handlar om orden og lydigheit, og det blir utarbeida klare reglar for kva som er lov for borna, til dømes: «Gå inne», «snakke med innestemme», «rydde når du er ferdig og leike» osv. Reglane blir forklart gjennom rollespel av personalet regelmessig året rundt. Borna får ei stjerne eller ein mynt når dei klarer å følge reglane.

Under opphaldet fekk vi også innføring i ein programbasert barnehagepedagogikk som heiter YAP (Young Athletes Program). Målet med programmet er at alle born, uansett utfordring, skal erfare gleda med å vere i aktivitet. For å sikre utvikling, blir borna testa i forhold til eigne evne i starten av barnehageåret og mot slutten.

På Island har dei kjempa for kvinner sine rettar i lange tider, og dei er eit av dei mest likestilte samfunna i verda. Landet er også kjent for sin kjønnsdelte pedagogikk, eller likestillingspedagogikk, som dei kallar Hjalli-modellen. Tanken er her at gutar og jenter må lære ulike ting for å kunne bli likestilt, derfor er dei delt store deler av barnehagedagen. Jentene trener på mot og sjølvtillit, og gutane på empati og omsorg.

Samanlikningar mellom nordiske barnehagar

Det å sjå vår eiga barnehageverksemd opp mot andre, kan gjere oss meir bevisst eigne haldningar og tradisjonar. Samstundes kan ein finne motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling. Samanlikningane blir i hovudsak ikkje drøfta eller vurdert opp mot kvarandre, sjølv om kvar einskild samanlikning har interessante aspekt å reflektere vidare over.

Opningstider

Opningstidene for barnehagane i dei nordiske landa viser stor variasjon. Island har det kortaste tilbodet, og Finland det lengste. På Island opnar barnehagen 07.45 og stenger 16.15. Finland og Sverige har begge nattilbod, i tillegg til relativt lang opningstid på dagtid. Finland opererer med tre ulike opningstider; 06.00 -18.00 og 05.00-23.00, i tillegg har nokre barnehagar eit 24 - timars tilbod. I Sverige startar dei dagen kl. 06.00 og avsluttar mellom 19.00 og 19.30. Natt- tilbodet er frå 18-06. Danmark og Norge har relativt like opningstider. Danskane har opent mellom 06.30 og 16.45, medan vi i Norge oftast gir eit tilbod mellom 7.00 og 17.00.

Foreldrebetaling for barnehageplass i 2024

Det er billigast med barnehageplass for foreldre i Sverige, mens det er dyrast i Finland. I Sverige kostar ein fulltids barnehageplass i underkant av 1700 n.kr, medan ein makspris i Finland kostar om lag 3400 n.kr. Island ligg nokre kroner lågare, men dei har i år hatt eit prøveprosjekt med gratis kjernetid mellom 9-14. Dersom føresette har behov for opphald utover kjernetida, må dei betale for dette. Har ein behov for tilbod gjennom heile opningstida, kostar dette i underkant av 3400 n.kr. Dei ekstra timane er såleis prisa høgt. I Norge har vi dei siste åra hatt ein makspris på 3000 n.kr for ein fulltids barnehageplass. Frå august 2024 blir denne redusert til 2000 n.kr. I Danmark kostar ein fulltidsplass i underkant av det same som den nye prisen i Norge.

Barnehagelærarutdanning

Dei nordiske barnehagane kjenner ofte på likskap, men barnehagelærar- utdanningane i dei ulike landa ser likevel ut til å ha eit ulikt innhald. Dei som skil seg mest ut er Island. Her har dei ingen eiga barnehagelærarutdanning, men dei har ei felles utdanning med lærarar i skulen. Alle studerer til å bli lærarar på masternivå, og så vel ein arbeid i barnehage og skule etter endt utdanning. Svava Björk Mörk meiner at felles utdanning er ei utfordring, då føresetnadane er ulike i dei to institusjonane. Mörk forklarer at den største utfordringa er mindre fokus på den frie leiken, og meir på leik og aktivitetar som skal målast. I Norge og i Finland har vi til samanlikning treårig barnehagelærarutdanning på bachelornivå, medan dei i Sverige og Danmark gir tilbod om pedagogutdanning over 3,5 år.

Talet på barnehagelærarar

Krav til utdanning og kvalifisert personell for dei yngste har fått eit auka fokus i Norden dei siste åra. Vi ser likevel eit lite skilje i dei ulike landa sine målsetningar om å auke kompetansen i barnehagane. Den største forskjellen er mellom Sverige og Danmark. I Sverige tek dei utgangspunkt i eit mål om 50 % pedagogar i barnehagen, medan dei i Danmark siktar mot 85 % frå hausten 2024. Fram mot 2030 har den norske regjeringa eit mål om at barnehagelærarar vil utgjere minst 60 % av dei tilsette. Finland og Island har som mål at 2 av 3 tilsette skal vere barnehagelærarar. Alle landa siktar også mot at dei resterande tilsette skal ha ei form for utdanning. I Norge har vi til dømes eit mål om at 25 % av dei tilsette skal vere barne- og ungdomsarbeidarar.

Bemanningsnorm

Bemanningsnorm handlar om kor mange vaksne per barn som skal vere tilsett i ein barnehage. OECD har årlege indikatorrapportar for utdanningssektoren. Rapporten «Education at a Glance 2017» viser at Norge er blant dei landa med høgast vaksentettleik i barnegruppene i barnehagane. Vi har i gjennomsnitt fem born per tilsett, medan det i andre OECD- land er 11. (regjeringen.no). Bemanningsnorma i Norge seier at det skal vere ein tilsett per 3 barn under tre år, og 6 born per tilsett over tre år. Også når vi samanliknar oss med dei nordiske landa, scorar Norge godt på høg vaksentettleik. I Sverige og i Finland har dei 4 (-5) born under tre år per tilsett, og 7 born over tre år. I Danmark har dei ikkje hatt ei tydeleg bemanningsnorm, men frå 2024 siktar dei mot same norm som i Norge. Island fordeler talet på vaksne ut frå homogene aldersgrupper og ikkje over/ under 3 år. I gjennomsnitt har dei 7 born pr tilsett.

Plantid

I Norge er plantid eit mykje omdiskutert tema. Barnehagelærarane ønskjer fleire timar til å planlegge utover dei fire timane dei har pr veke. I Danmark og Sverige varierer det kor mykje plantid pedagogane har. I Danmark kan dei derimot ha ti faste personalmøte i året, der alle tilsette er med og planlegg arbeidet saman. I tillegg har dei regelmessige møte med styrar med fokus på oppdatering og arbeid mot felles mål. Barnehagelæraren i Finland har 5 timar plantid i veka, men dei har også ei tydleg og klar arbeidsfordeling i kvardagen mellom dei tilsette, kanskje meir enn det vi er vant med i Norge…? Den finske pedagogen bruker mest tid på kvart barn sine planar og aktivitetar, og mindre på rydding og matlaging. («Slik blir finske skolebarn flinke», barnehage.no) På Island har pedagogen heile 10 timar plantid! Dei har også eit personale som kjem inn på avdeling, når ein pedagog går ut for å planlegge eller delta på møter. Dette er nærmast for godt til å vere sant for norske pedagogar, men vi må sjå dette i samanheng med ulik grad av vaksentettleik i dei nordiske barnehagane.

Kvifor desse små samanlikningane mellom landa? Det å samanlikne handlar om å sjå etter det som er likt og det er som er ulikt. Dette kan hjelpe oss til å sjå tydlegare kor vi sjølv står, kva vi er gode på og kva vi evt. kan gjere annleis. Det kan hjelpe oss til å sjå ting frå utsida, og sjå annleis på det som vi vanlegvis tek for gitt. Det som vanlegvis er vanskeleg å sjå fordi det er ein del av oss, av kulturen vår. 

Ein barnehage for alle

Sentrale spørsmål knytt til konferansen sitt hovudtema var mellom anna: Er barnehage for alle? Kva legg vi i så fall i uttrykket «Ein barnehage for alle»…? 

Gjennom ulike Workshops fekk deltakarane eit lite innblikk i kva barnehagane i dei nordiske landa arbeider med for å skape ein barnehage der alle born får medverke og kjenne seg inkludert. Det er vanskeleg å lage ei oppsummering av dette. Nokre barnehagar fokuserte på uteliv, andre på likestilling. Organisering av gode leikemiljø eller fokus på kjensler, livsmeistring og helse var andre innfallsvinklar. Ord og omgrep som «mentalisering», «perspektivering», «pedagogisk bakdør», «lyttande pedagogikk» og «prosessorientert evaluering» gav oss også interessante perspektiv til årets konferansetema.

Eitt perspektiv blei likevel meir framtredande for mange av oss, og det er metodar eller verktøy for å redusere kjensle av «stress» for barn i barnehagealder. I hovudforelesninga til S.B. Mörk blei Alison Clark si bok «Slow knowledge and the unhurried child» trekt fram som ein del av behovet for å skape ein «slow- down»- pedagogikk, eller det å «bremse ned», med ønskje om å gi borna tida tilbake. Den frie leiken har framleis fokus i mange land, men den blir trua av ein stadig meir framtredande tankegang om mål og rapportering, meiner Clark. Dette skaper press og stress for både born og tilsette. Ein hektisk kvardag er også velkjent for mange familiar, og barnehagane i Akureyri har sidan 2017 arbeida for å redusere stress etter at dei erfarte mange anspente og frustrerte barn i barnehagane. Dei fokuserer no meir på kvile gjennom barnehagedagen, gjerne ved hjelp av yoga, «flow» og «mindfullness». Dette skal vere med på å skape ro og harmoni, kanskje for både born og vaksne? Dei danske pedagogane snakkar også om «Slow down»- pedagogikk og «Wellbeing» eller «velvære». Dei set fokus på «Det gode barneliv» og «Ein god barnedag». Kva er eit godt liv for borna? Kva er viktig for dei og kva vel vi å fokusere på? I Norge har vi fått eit større fokus på psykisk helse både i barnehage og skule. Vi ønskjer å gi borna ulike verktøy og metodar til å møte livet med, men kanskje det beste verkemiddelet berre ville vere å gi borna tida tilbake…?

Avslutning og vidare refleksjon

Det er sjølvsagt ikkje så enkelt at vi i barnehagen berre kan gi borna «meir tid», og så legge frå oss «alt det andre». Barnehagen er eit resultat av det samfunnet vi lever i, og det er mange ting rundt som skaper press og stiller krav til korleis vi skal utføre arbeidet vårt, på godt og vondt. Kanskje vi likevel, med jamne mellom rom, burde stoppe oftare opp og kjenne etter og berre vere…? Vere til stades i eit samspel, lytte, trekke inn luft og undre oss over…? Ikkje like ofte tenkje at alt vi gjer skal ha eit mål eller vere eit verkemiddel til noko utanfor der vi er, men berre vere- her og no? Kan vi slik vere med på å skape ro og harmoni i eit barn sitt liv, noko som igjen er med på å lage gode miljø for leik og utforsking?

Det er naturleg at desse spørsmåla leiar oss inn på diskusjonen om kva barnehagen eigentleg skal vere, i eit samfunnsperspektiv. Kva ønskjer vi at barnehagen skal vere i Norge, i Sverige og i den andre nordiske landa? Sjølv om vi alle tek utgangspunkt i den nordiske barnehagemodellen, har vi kanskje ulike tankar om akkurat dette…?

Kan vi seie noko om dei nordiske landa sitt syn på barnehage med utgangspunkt i til dømes opningstidene? Til dømes: Korleis ser ein på barnehage på Island som tilbyr gratis kjernetid, men utover dette er timeprisen høg? Ønskjer dei at barnehagetilbodet skal likestillast med skule, der læring skjer nokre få timar for dag? Eller er målet eit pedagogisk tilbod først og fremst for borna, og ikkje eit omsorgstilbod for born når foreldre er på jobb…? Korleis ser ein på barnehage i Finland som har døgnopne barnehagar? Kva er hovudfokuset der, omsorg eller læring, eller noko midt i mellom? 

Og vidare; korleis kan vi tolke syn på barn og barnehage med utgangspunkt i bemanningsnorma? Vi kan godt tenkje oss at innhaldet i ein barnehage blir ulikt der gjennomsnittet er fem born per tilsett, samanlikna med land der det er 11 born. Hos dei yngste borna i Norge, skal det vere ein vaksen per 3 born under tre år. Har vi eit mål om at den norske barnehagelæraren skal vere eit substitutt for mor eller far…? Er det derfor så mange forlet barnehageyrket fordi det er store forventningar om å vere både ein tett og nær omsorgsperson, i tillegg til å ha ansvar for det pedagogiske arbeidet? Eit pedagogisk arbeid som ikkje berre handlar om planlegging, gjennomføring og vurdering, men eit arbeid som stadig oftare krev tettare oppfølging i høve foreldre, ulike instansar og samarbeidspartnarar, utviklingsarbeid, rapportering osv. Barnehagepedagogen i Norge har i tillegg ofte like mykje ansvar som assistentar og fagarbeidarar i forhold til alt det praktiske arbeidet på avdeling. Ville ei tydlegare arbeidsfordeling mellom dei tilsette vere vegen å gå, eller mistar vi då vår heilheitlege tilnærming til omsorg, danning, leik og læring?

Som barnehagelærar i Norge har du leiaransvar for tilsette på eiga avdeling, kollegaer med ulik bakgrunn, utdanning og kompetanse. Utgangspunktet er på mange måtar flat struktur, der alle skal føle seg sett, få medverke og kjenne meistring. Det krevst tid, tolmod og ein stor dose kunnskap om ulike mennesketypar for å få dette til å flyte godt i ein hektisk kvardag. Det kan vere vanskeleg å finne rolla si som leiar, når målet er ein kameratsleg tone der alle skal få uttale seg og bestemme like mykje. Men kva er alternativet…? Vår heilheitlege tilnærming til born, er vel heller ikkje foreinleg med ein meir hierarkisk og tydleg leiarstruktur? Kva skal til for å finne den «gode middelveg» slik at fleire leiarar føler meistring i jobben sin?

Auka plantid ville på mange måtar redusert presset som mange barnehagelærarar kjenner på i dag. Men kan fleire timar til planlegging også endre forventningar til kva innhaldet i barnehagen skal vere…? Dersom vi, nokså utopisk sett, fekk ti timar plantid i veka, slik som på Island, ville vi då fått endå større krav på oss i høve rapportering, evaluering og målstyring? Ville vi slik kunne stå i fare for å miste hovudfokus på den frie leiken og borna sin rett til å påverke sin eigen kvardag?

Det finns ikkje noko klare svar på alle desse spørsmåla, men det er heller ikkje målet. Møte med det som er annleis frå vår eigen kvardag, kan få oss til å sjå det som er kjent med andre auge. Kanskje kan vi slik finne alternative måtar å reflektere på, og så etter kvart finne alternative løysingar på utfordringar vi står i…?

Hausten 2024 blir det ny NORSAMBY – konferanse og i år er det Finland som inviterer nordiske barnehagefolk til Lahti. Vi ser fram til å dele meir kunnskap, erfaringar og spørsmål med kvarandre. Barnehagelivet er ikkje ein stad for dei som likar to strekar under svaret. Det er nok likt, anten vi arbeider i Finland, Sverige, Danmark, Island eller Norge. Saman er vi sterke, og slik motiverer og inspirerer vi kvarandre til å skape «Ein barnehage for alle» i heile Norden.

Kjelder

https://norsamby.com/

https://norsamby.com/category/akureyri/

https://www.norden.no/ (Barnehagen på Island)

https://www.sotx.org/young-athletes

https://www.hjallimodel.com/

Education at a Glance 2017 – OECD, Regjeringen.no

Slik blir finske skolebarn flinke (2013), barnehage.no

Slow knowledge and the unhurried child (2022), Alison Clark

 

Powered by Labrador CMS