DEBATT

«Ein tenkjer ofte at når ein er på tur så har ein god tid, men samtidig så er det mykje som skal gjerast i løpet av ein dag.»

Små augeblikk: «Vi har oppdaga noko rart!»

Å fange opp dei små augeblikka i kvardagen som gir rom for barns utforsking og undring er ikkje berre jobben vår, det er også heilt nødvendig.

Publisert

Det er ein ny dag i Grankvisten barnehage, det er ein fin vårdag og småbarnsavdelinga er ute på tur, noko dei er kvar onsdag. Nokre barn sit i vogn, andre leier ein vaksen eller held i vogna. Til saman er dei ni barn frå 1-3 år og tre vaksne.

Etter berre 100 meter stoppar Lise opp og dulta borti Sara som sit i vogna. Rett framfor Lise ligg det ein stor og lang meitemark. Lise ser spørjande på den vaksne som triller vogna, «makk» roper ho og peikar. Den vaksne som går lengst bak med barna stoppar opp og svarar «ja, sjå der, det er ein meitemark, den var stor og lang».

Sara som sit i vogna ser ikkje meitemarken og prøver ivrig å strekke seg over vogna for å sjå.

Lea Lefdal Jenssen er barnehagelærer og masterstudent i barnehagekunnskap

Stine er nyutdanna pedagog og har lært at det er viktig å ta seg tid til barna og deira opplevingar. Ho tenkjer at dette er ein fin situasjon, der ho får ta i bruk kunnskapen om barns veremåte og utvikling som ho nettopp har lært så mykje om.

Stine plukkar meitemarken opp og alle ser korleis den bevegar seg i handa hennar. Ho spør om nokon har lyst til å halda meitemarken i handa. Når dei slepp han laus, sit alle barna på huk og ser på meitemarken som åler seg bortover asfalten.

Lise er oppglødd og spør om kvar den skal, og kvar den bur. Stine svara at marken bur nede i jorda og at han kanskje skal heim til familien sin, og avsluttar med å spørje kva Lise trur. Lise er einig, og føl meitemarken nøye med augo. Lars har plutseleg oppdaga noko som rører seg i grøftekanten.

«Kva er det du ser, Lars?» spør Stine.

Lise gløymer meitemarken, sprett opp og spring bort til Lars.

«Åååh, sjå» seiar ho, med store auge. Barna har oppdaga mange maur som går etter kvarandre, og litt lenger borte ser den vaksne ei maurtue. Dei to andre vaksne går å prata saman og er allereie kome langt føre. No snur dei seg og ventar. Nokre av barna er begynt å bli urolege.

Det er i augeblikket eit val blir tatt

Kvar dag gjer dei vaksne i barnehagen mange val. Når ein vel noko, vel ein samtidig vekk noko anna. Kva som er dei beste vala å ta, er det ikkje enkelt å svare på, og det er neppe eit eintydig svar på det.

I fortellinga over har Stine si merksemd hos barna. Ho ser deira reaksjonar og gir rom for deira initiativ. Skal barna lære å bli delaktige må dei først bli høyrt og få hjelp til å uttrykke sine tankar, følelsar og meiningar. Skal det skje må dei vaksne sitt nærvær gje opning for det. Dei må arbeide på ein slik måte som gjer det mogeleg å lytte til barna.

Ein tilfeldig meitemark som oppdagast for første gang kan fange heile merksemda til barna. For barna er desse situasjonane her og no, det finnast ikkje noko etterpå eller seinare i deira verd. Heldige er dei barna som har vaksne som klarar å fange desse augneblinka, og skape ei stund med undring, nysgjerrigheit og utforsking.

Ein veit at dei minste barna i barnehagen brukar kroppen sin til å utforske store og små ting dei opplev i kvardagen. Gjennom bruk av kroppen erfara dei korleis verda høyrer saman, og ved hjelp av sansane sine utviklar dei kunnskap om gjenstandar og omgivnadar rundt seg. Dei vaksne kan trigge barna si nysgjerrigheit om dei søker å møte barnet og forstå deira ibuande utforskartrong.

For Lise kan det vere møtet med ein tilfeldig meitemark på ein turdag i Grankvisten barnehage.

Tida: Ein usynleg sjef

Stine, den nyutdanna pedagogen, merkar at dei andre vaksne ventar på dei. Ho har ofte tenkt at tida er ein usynleg sjef. Ein sjef som av og til kan vere god å ha, men av og til forstyrre dei og jage dei vidare når dei har det som mest spennande. Dette overraska ho da ho begynte i arbeid. Ho huska ordrett at Rammeplanen for barnehagen skriv at barna skal «få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong».

Men Rammeplanen sa ingenting om kor mykje tid ein kunne bruke til det, eller korleis og kor denne undringa og utforskinga skulle skje. Dei var jo berre 100 meter frå barnehagen. Stine tenker seg om, ser på barna og bestemmer seg.

Ho ropar til dei andre: «Vi blir litt her. Vi har oppdaga noko rart!»

Lise og Lars er oppslukt av maurane. Lise roper «Sjå! Sjå!», mens Lars hoppar og gyngar med heile kroppen mens han lager høge ivrige godlydar. Dei har oppdaga tua kor det kryr av maur. Dei bærer på pinnar, barnåler og bark. To maur samarbeida om å bære ei flue. «Sjå kor mange som bur saman. Dei må vere gode vennar», seier Stine.

Barna ser på tua, vidare på den vaksne og deretter på tua igjen. Stine undrar seg saman med barna: «Eg lurar på kven som bestemmer i den store tua».

Stine kan nesten sjå korleis tankane til barna svirrar i hovudet deira. Dei andre er også komen, og alle barna får studere det yrande livet i og rundt tua. Nokre maur går til og med oppover buksa til Stine. Så kommer alle spørsmåla. Spørsmål som ikkje alltid krev eit fasitsvar, men meir er uttrykk for ei undring forkledd som spørsmål. Og Stine undrar seg saman med barna og anerkjenner deira spørsmål. Barna spør og undrar seg heile vegen tilbake til barnehagen.

«Sjå mamma, eg er ein maur»

Barns utforskartrong handlar om barnas evner til å nytte seg av den ibuande nysgjerrigheita og undringa for verda rundt seg.

Det kan være utfordrande for ein vaksen å tilpassa seg dette behovet for dei minste. Ein tenkjer ofte at når ein er på tur så har ein god tid, men samtidig så er det mykje som skal gjerast i løpet av ein dag. Barnehagetilsette må gjere mange val i løpet av ein dag, og det er ikkje alltid lett å vite kva som er det rette valet. Dersom dei vaksne blir stressa av at tida ikkje strekk til, smittar det raskt over på barna.

Stine har tenkt mykje på at alle val er bortval av noko anna, og ho har funnet ei ro i at av og til må den usynlege «sjefen» komme i andre rekke. Ho er overtyda om at det er i merksemd nærverd med barna at ho gjer den viktigaste delen av jobben sin, og at dersom barna skal få stimulert sin utforskartrong, må ho arbeide på ein måte som gjer det mogeleg å lytte til barn og evne til å støtte deira undring. Ho må planlegge for det uventa.

Når Lise skal hentast av foreldra, kryp ho rundt på golvet med ei bok på ryggen. Ho ropar til mora: «Mamma, eg er ein maur!»

Powered by Labrador CMS